Velkommen til min lille verden

tirsdag, desember 20, 2005

Å ha tid.....

Å ha tid for kvarandre.
Vi har det så travelt. Det er så mykje som krev oss.
Hus, heim, arbeid, fritidssyslar. Alltid er vi på veg.
Til noko, frå noko...
Kor lenge er det sidan vi stogga opp
og såg kvarandre? Såg andletet til
den eller dei menneska som skulle stå oss nær.
Såg smilet, eller smerta.
Korleis har dei det som vi lever nærast?
Dei vi aller sist ville vore forutan.
Er vi blitt inventar for kvarandre?
Er vi blitt ein del av forbifarten? Skulle vi ikkje tatt
tid til å stogga opp ved kvarandre og gje litt nærhet?
Det å sei at når alt kjem til alt er det du,
du som er det viktigaste i mitt liv.

Ingen kommentarer: